Nyheter fra ALNSF

Ein vanleg dag på jobben i Malawi

No nærmar det seg jul. I Norge er nok dei fleste travelt opptatt med å gjør siste juleforberedelsane. Her i Malawi merkar eg ikkje så mykje til at det snart er jul. Livet både i huset eg bor i, og på jobben går ting sin vandte gang. Humøret blant dei som jobbar her er godt, sjølv om dei jobbar lange dagar og har begrensa med ressursar. I førre innlegg prøvde eg å gi eit innblikk i korleis livet i Malawi er. I dette innlegget, forsøker eg å gi eit innblikk i korleis ein «vanleg dag på jobben» kan være.

Jula har ankomme Mercy James. Bildet er fra inngangen til Mercy James. Her sitter og alle pasienter og pårørernde til de som skal innskrives og inn til konsultasjon.Jula har ankomme Mercy James. Bildet er fra inngangen til Mercy James. Her sitter og alle pasienter og pårørernde til de som skal innskrives og inn til konsultasjon.

 

Ein vanleg dag på jobben i Malawi

Kven er eg og om prosjektet:

  • Jannicke Skodjereite, 31 år

  • Anestesisjukepleiar med seks års erfaring

  • Mine første år i faget var ved UNN-Tromsø, før eg våren 2014 flytta sørover og Ullevål blei min base. Sidan august har eg hatt ei prosjektstilling ved internasjonal avdeling på OUS og har vert ansatt i Oslo – Blantyre prosjektet, ved Queen Elizabeth Central Hospital i Malawi. Prosjektet har to greiner: nevrokirurgi og barnekirurgi, eg jobbar i barnekirurgiprosjektet.

  • Opphaldet mitt er ein del av eit utvekslingsprogram mellom OUS og QECH, for å heva kompetansen innan barneanestesi, overvaking postoperativt og barneintensiv. Målet med prosjektet er å bygge lokal berekraftig kompetanse.

  • Arbeidsstaden min er på det nye barnekirurgibygget Mercy James.

  • Vil du vite meir om prosjektet, Malawi og livet der, kan du sjekke ut «Reisebrev fra Malawi».

 

Vakta starter klokka 0730. Planen for dagen er å jobbe med akuttralla på HDUen (High Dependency Unit) tilsvarande intermediæravdeling i Norge.

På operasjonsprogrammet har vi to store inngrep (Wilms tumor) og tre ryggmargsbrokk (MMC) der gjennomsnitsvekta på siste pasientgruppe er 2,5 kg. I tillegg til eit par ø-hjelpsoperasjonar som kom på programmet på formiddagen. Bemanning på anestesisida var ein ACO* og den lokale anestesilegen fram til kl.12.00 da ho måtte gå. Etter det var ACOen aleine i tillegg til meg da, som ikkje skal reknast med i drift.

Heldigvis har vi fra begynnelsen av september til 19.desember hatt besøk av anestesilegar fra Norge her. Dei er her i periodar på 4-5 veker kvar og brukar sin overlegepermisjon og avspasering på å være her. Det er nok ikkje den rolegaste overlegepermisjonen dei kunna vald, men eg håpar og trur at dei synst det er nytting å være her. Vi og særlig barneintensiv har stor nytta av deira tilstadeverelse.

Recoveryen på Mercy James. Fra venstre: Meg, Even (anestesilege) og Edith (intensivsjukepleiar).Recoveryen på Mercy James. Fra venstre: Meg, Even (anestesilege) og Edith (intensivsjukepleiar).

To anestesipersonell = to stuer. ACOen sto på stue med MMC og anestesilegen på Wilms tumor. Eg går imellom. Innimellom slaga prøvde eg å få fulført arbeidet med den nye akuttralla på HDU. Det første inngrepet med Wilms tumor gikk over all forventning, det var ein stor tumor, men inngrepet gikk komplikasjonsfritt og var unnagjort på 1,5 time. Rakk akkurat å bli med på vekking av den og innleiing av MMC nummer to før eg gikk til lunsj. I dag hadde vi bestemt oss for å gå i ein av kantinene for å spise lunsj.

Her ser dykk vegen ut av Mercy James. Her ser dykk vegen ut av Mercy James. Følger du den lange grønne pila og tek til høgre nederst i vegen, kjem du til vår nærmaste lunsjplass. Tek du til høgre ved pila til MR, og går vidare kjem du til fleire av barnepostane på Queens.Følger du den lange grønne pila og tek til høgre nederst i vegen, kjem du til vår nærmaste lunsjplass. Tek du til høgre ved pila til MR, og går vidare kjem du til fleire av barnepostane på Queens.

Lunsj

Ting tek tid, som dykk har hørt meg sei før, det same gjær det å lage ein toast med ost og tomat. Alt frå 15 -45 min har eg brukt på å vente på ein enkel toast med ost og tomat. Så ein stor del av lunsjpause går med på å vente, så når maten kjem på bordet er det berre å hive innpå.

Mercy James er eit eige bygg så vi må ut å gå for å komme til lunsjplassen. Det er fleire plassar å spise lunsj på rundt sjukehuset, men vi brukar oftast å enten ta med mat, eller å gå på den som ligg inne på sjukehusområdet. Nokre gongar kjører vi til lunsjsplassar som ligg litt lengre unna. I den intense arbeidskvardagen her kan det være godt med eit avbrekk i løpet av dagen. Uansett, lunsjen vår var over og vi returnerte til Mercy James.

Tilbake til verkelegheita

Min plan var å snike til meg fem minutt før eg starta å klargjøre til neste inngrep som eg skal være med å starte opp. Men i det vi gikk inn på intensiven (der eg har garderobe, og eg skiftar sjølvsagt før eg går ut til lunsj) så ringer telefonen til Even (norsk anestesilege), det er ein pediater som ønsker hjelp med eit lite barn som sliter med pusten. Barn med medisinske problemstillinger ligger på den gamle delen av sjukhuset. For dei av dykk som kjenner til Ullevål sjukhus og bygningsmassen og ikkje minst korridorane som går på kryss og tvers så kjenner eg meg ganske heime i korridorane på Queens, men eg er ikkje heilt trygg på å finne fram til riktig plass, iallfall ikkje når det hastar. Så vi tek med oss ein av sjukepleiarane på barneintensiven og intubasjonsboksen, så blir vi geleida ut på gata, forbi kreftavdelinga, MR og litt til venstre, bort ein lang korridor så til høgre og høgre (trur eg) så er vi framme. Vi kommer fram til ei full avdeling det barna låg tett i tett, med foreldra sittande på golvet. Det var ingen overvåkningsutstyr der som eg kan sjå, barnet låg med CPAP på nasen og var tydelig sliten. Vi treng ingen parameter for å sjå at det kun var snakk om tid før vi må overta ventilasjonen og legge barnet på respirator dersom det skulle overleve. Situasjonen er tidskritisk, men vi vil i det aller lengst å unngå å intubere barnet på den overfylte sengeposten, uten tilgang på medisiner, oksygen eller overvåkningsutstyr. Så vi tek med oss barnet, etter at sjukepleiarene hadde sprunget rundt for å finne ein bag vi kunne assistere pustinga med.

Intubasjonsbakke, vi har ein både på recovery, intensiv og intermediær.Intubasjonsbakke, vi har ein både på recovery, intensiv og intermediær.Arbeidet med akuttralla gikk ikkje berre på innhold, men og på å sørge for at bokane med utstyr passa inn i skuffa.Arbeidet med akuttralla gikk ikkje berre på innhold, men og på å sørge for at bokane med utstyr passa inn i skuffa. Engangsutsyr som vi vasker og bruker på nytt. Så dei 300 tubane Alexander hadde med i kofferten kom godt med. Det var nokre av tubene som var i største laget for vårt bruk, så dei blei gitt videre til hovedoperasjonsavdeligna på Queens.Engangsutsyr som vi vasker og bruker på nytt. Så dei 300 tubane Alexander hadde med i kofferten kom godt med. Det var nokre av tubene som var i største laget for vårt bruk, så dei blei gitt videre til hovedoperasjonsavdeligna på Queens.

Vi får barnet over i ein transportabel seng og tok fatt på vegen tilbake. I Malawi har det ikkje regna på månedsvis, sjølvsagt måtte det begynne å regne no.

Pediateren prøver å finne ein paraply, det er det ikkje tid til. Vi er da tross alt nordmenn og litt regn har vi ikkje tatt skade av. ICU sjukepleiaren triller senga, Even assisterer pusten til pasienten og eg brukar intubasjonsboksen til å beskytte barnet mot regnet. På vei inn i heisa møter vi ein annan pasient som er på veg opp til intensiven, som må vente.

Vi ankommer intensiven, pasientenplassen har dei ikkje hatt tid til å klargjøre, men alle ledige bistår, klargjør medisinar, tube med mandreng, sug og vi får intubert. Kunsten er å gjøre alt dette samtidig som du veileder og i det lengste unngår å gjøre jobben sjølv. Personalet lærer ingenting av at eg blandar medisinar, eller klargjør tube. Vi må la dei få gjøre det sjølv, så sant det er mulig. Har vi litt bedre tid, kan vi ta oss tid til å regne på fortynning og dosa. Andre gongar som no, må vi diktere og kontrollere. 8 ml saltvann og 2 ml suxa (100 mg/2ml), får så å trekke opp i 2 ml sprøyte, og merke sprøyta.

Tuben er på plass, vi koblar til respirator og no får vi beskjed om at vi og må ta imot den andre pasienten som var på veg. Sjølv om det blir overbelegg. Så no er det fem intensivpasienter, to på respirator og fire sjukeplarar på jobb. Og det er her vi møter vårt dilemma. Kven skal vi tilby behandlig og kven skal vi avvise? Ein pasient som i eit vestlig helsevesen kunne overlevd, men her med dei veldig begrensa ressursane som er til rådighet, ikkje får mulighet til å overleve. Antall medisinske barn med ulike problemstillingar, med behov for overvåking og behandling virker å være endelaust mange.

Klokka nærmar seg no 14.00 og eg går tilbake til operasjonsstua, der vi skal ta inn dagens andre Wilms tumor og Even som egentlig er opptatt på intensiven skal bistå. Samtidig som det går på en sjuk ø-hjelpspasient på den andre operasjonsstua, og vi har fleire elektive igjen på lista.

I slike stunder er det ikkje så lett å stå på at eg ikkje skal reknast med i drift. Men det eg ikkje kompromissar på, er at eg aldri innleder og vekker barna aleine.

Eg kan avsløre såpass at vi ikkje kom oss heim til planlag tid kl.16.00.

Heldigvis er ikkje alle dagar like hektiske, men det dagen gir eit innblikk i ulike situasjonar vi står i.

Akuttralla fikk vente til neste dag, men er no på plass.

*ACO – Anaesthetic Clinical Officers – har gjennomgått eit 18 måneders kurs etterfulgt av eit års internship.

Alexander Skalleberg fra Oslo ALNSF, var i nærheten (Zanzibar) så han stakk like gjerne innom Malawi ein tur. Han stilte og med ein heil koffert full av donert utsyr fra ulike sjukehus i Oslo.Alexander Skalleberg fra Oslo ALNSF, var i nærheten (Zanzibar) så han stakk like gjerne innom Malawi ein tur. Han stilte og med ein heil koffert full av donert utsyr fra ulike sjukehus i Oslo.På veg tilbake fra lunsjPå veg tilbake fra lunsj

Utskrift

nsf weblogo

ALNSF er en faggruppe under Norsk Sykepleierforbund.

Kontaktinformasjon

ALNSF - Anestesisykepleiernes Landsgruppe av NSF

Norsk Sykepleierforbund
Tollbugata 22
Postboks 456, Sentrum 0104 Oslo

Mobil: 900 82 187 (Leder)