Nyheter fra ALNSF

Reisebrev frå Malawi

Dette er eit meir eller mindre uformelt reisebrev ifrå mitt opphald på Queen Elizabeth Central Hospital (QECH), som ligg i Blantyre Malawi. Eg har snart seks års fartstid som anestesisjukepleiar, har tidlegare jobba på UNN Tromsø. Dei siste åra har eg vore ansatt på Oslo Universitetssjukehus (OUS) – Ullevål, og sitt i landsstyret for ALNSF. Frå august 2017 til februar 2018 er eg ansatt av internasjonal avdeling ved OSU til å arbeide for prosjektet Oslo – Blantyre Pediatric program.

Litt om prosjektet

Oslo – Blantyre prosjektet går fire år tilbake i tid, og har vore eit nevrokirurgisk prosjekt som har hatt som hovedmål å utdanne lokale nevrokirurgar. I 2016 blei Oslo- Blantyre prosjektet utvida med ei ny grein, som er barnekirurgi prosjektet. Opphaldet mitt er ein del av eit utvekslingsprogram mellom OUS og QECH, for å heva kompetansen innan barneanestesi, overvaking postoperativt og barneintensiv. Målet med prosjektet er å bygge lokal berekraftig kompetanse.

Arbeidsstaden min er på det nye og flotte barnekirurgiske bygget Mercy James, der sjølvaste Madonna har finansiert bygninga gjennom stiftelsen Raising Malawi (Les mer her). Det meste av «innmaten» på sjukehuset, som overvåkingsutstyr og senger kjem ifrå Norge og OUS.

Dette bygget opna i juli i år og innheld ein barnekirurgisk sengepost, HDU (overvakingsenhet), postoperativ overvaking (recovery) og barneintensiv. Både recoveryen og barneintensiv er heilt nye tilbod ved sjukehuset og kompetansen må byggast opp frå scratch. Heldigvis er intensivsjukepleiar Edith Slaastad ein av dei som er her nede ilag med meg. Edith har lang fartstid i frå barneintensiv på Rikshospitalet, og for min del er det og godt å ha ein kollega som har brei erfaring med å jobbe med sjuke barn og små barn. Her får ein verkeleg brukt alt ein har lært om klinikk og å bruke det ein har. Nærmaste CT-maskin er i hovudstaden Lilongwe som er 4-5 timars kjøring ifrå Blantyre.

Utveksling av personale der sjukepleiarar og andre faggrupper frå Malawi reiser til Norge og frå Norge til Malawi for seks månadar er sentralt. Det er no seks stykk frå Malawi i Noreg og vi er tre «faste» i Malawi, i tillegg til resurspersonar som kjem nedover for kortare opphald. I hovudsak gjeld dette barneanestesilegar og nevrokirurgar.

IMG 20171019 100422Bilde fra operasjonssalen på Mercy James. Fra venstre Amaryllis Mapurisa, ACO Blossom Kamalo og Emma Thomson

Ein kan ikkje tilby trygg kirurgi utan trygg anestesi

Den Norske anestesilegen og president for verdensføderasjonen for anestesileger Jannicke Mellin-Olsen framhevar mangelen på tilgang til trygg anestesi som ein av verdens neglisjerte helsekriser. I eit intervju med Dagens Medisin ytra Mellin-Olsen at mangel på tilgang til trygg anestesi kostar fleire menneske livet enn tuberkulose, malaria og AIDS til saman. I verden manglar fem av syv millionar menneske tilgang til trygg anestesi og kirurgi.

Forholda på Queen Elisabeth Central Hospital

Som det kjem fram av faktaboksen har Malawi en befolkning der 50% av populasjonen er under 15 år, og pediatrisk avdeling er ein av dei største på sjukehuset.

Anestesiavdelinga på Queen Elizabeth Central Hospital (QECH) har to Malawiske anestesilegar, periodevis er det anestesilegar frå andre land her i forbindelse med ulike prosjekt. Min erfaring er at disse ofte brukast på intensivavdelingane og at dei ikkje er så mykje inne på operasjonssalen og bedøver. Det finnes ti Anaesthetic Clinical Officers (ACO*), disse har 18 måneders opplæring. På ein dag med full drift blir det gitt anestesi på 11 stuer. Sjukehuset har ein firesengs intensivavdeling i tillegg til den nye barneintensiven. Totalt har Malawi fem anestesilegar, noko som betyr at ACOane er dei som i all hovudsak står for den anestesien som gis i Malawi, utan å ha nokon med meir erfaring i bakhand. Slik vil det og være dei neste 40 åra (Kilde: prosjektbeskrivelse)

om QECH:

  • Bygd i 1958
  • 1500 sengplassar og ofte rundt 2000 pasientar.
  • QECH er lokalsjukehuset for 1 mill.,  regionssjukehus for 6 mill. og har fleire landsdekkande funksjonar.
  • QECH har Malawis einaste nevrokirurg – dette etter samarbeid med Norge og Oslo Universitetssjukehus.
  • Kilde: Oslo – Blantyre prosjektbeskrivelse

Kilde: Oslo – Blantyre prosjektbeskrivelse

 

Om Malawi:

  • Innbyggartal omkring 18 millionar, og er i enorm vekst
  • 50 % av befolkninga er under 15 år.
  • 72 prosent av befolkninga lever i ekstrem fattigdom, under 1,25 dollar om dagen.
  • Bistand står for 40 % av landets inntekt.
  • Barnedødelighet varierer fra 64 - 80 per 1000 levendefødte (på QECH telles barn som fødes før uke 28 ikkje med i statistikken).

Kilde: FN og NORAD

IMG 20171025 163313Foreign body er ein velkjent diagnose her i Malawi. Dette er fremmedlegeme i luftveiene. Etter to mislykka forsøk på fjerne denne tegnestiften ved bronkoskopi, endte vi opp med å gjøre thorakotomi. Inngrepet var vellykka og patienten har det bra.

Kvardagen på Mercy James

Vi starter dagvaktene kl.07.30 som på mange sjukehus i Noreg. Dagens program står på ei hviteboard tavle – navn – alder – inngrep og avdelinga pasienten ligg på. Mandagar er «dagkirurgi-dag» med brokkoperasjonar og rectumbiopsiar. Brokka blir operert med laryngsmaske og biopsiane er maskenarkose, lista er lang gjerne 14 pasintar. Tirsdag er MMC-dag – ryggmargsbrokk – på den stua er gjennomsnittsvekta ofte 2,5 kg og kjøres uten anestesilege. Siste vekene har vi stadig oftare hatt program på to stuer, der bemanninga er anestesilegen på eine stua og ACOen på andre stua. Pause i løpet av dagen er ein luksus anestesipersonalet kjenner lite til. Midt i veka kjøres det ofte store inngrep – med diagnosar og tilstander eg kun har sett på power-point før eg kom hit. Wilms tumor har vi gjerne minst ein av i uka – den første eg var med på var ein unge på under 30 kg der tumoren veide 2,7 kg. Tilgangen på blod er dårleg, men vi kan ikkje starte denne type kirurgi utan å vite at vi har tilgang på blod. Når vi får tilgang på blod er det gjerne begrensa til ein til to posar fullblod (innhaldet per pose varierer, frå 200 -500ml). Fleire gongar har eg opplevd at vi utsetter kirurgi fordi vi ikkje har tilgang på blod. Og ofte må vi prioritere kven av pasientane vi skal prioritere blodet til.

Eingongsutstyr er noko som ikkje eksisterer i Malawi. Tuber og laryngsmasker legges i klorvatn og vaskes i såpevatn. Vi har to babyslangesett til våre tre operasjonsstuer og dei må vi bruke til vi får nye. Filter nær pasienten finnes ikkje, vi bruker kun filer inn mot ventilatoren på expirsjons sida, det prøver vi å skifte ein gong i veka, eller når det er så tett at vi får auto-peep på ventilatoren. Alt vi har av forbruksmateriale er donasjonar – som gjør at vi har alle mulige variantar av til dømes intravenøs sett. Vi har nokre sprøytepumper, men ingen infusjonsslanger til å koble på sprøytene – så i desperasjon/kreativitet klippes vanlige iv-sett og kobles til sprøyta, vips så har vi sprøytepumpesett. McGyver ville vert stolt, men Edith er ikkje overbegeistra.

Eg har vert med på pakke ut nokre esker med donasjonar, innimellom har tanker om utstyrsdumping slått meg, det er utstyr som vi aldri vil kunne bruke. Vi har for eksempel ei heil eske med Miller 4 blad utan tilhøyrande skaft. Men donasjonar er noko vi og Malawi er avhengige av, så vi er ikkje i ein posisjon der vi kan stille krav.

IMG 20171025 162939Selfie på operasjonsstua, meg og Polina Maganga som nettopp har vert 6 månadar i Norge

Recovery

Tradisjonelt har pasientane blitt passa på av Theater assistents utan formell kompetanse og utan kompetanse til å overvake verken barn eller vaksne postoperativt. På Mercy James er det no personale i frå barneintensiv som bemannar recoveryen. Dette er eit stort skritt i riktig retning og ein hevelse av kvalitet og kompetanse. Dei får alt av pasientar som ikkje går direkte til barneintensiv, også dei heilt små på 1,5 – 2 og 3 kg. Vi bedøver daglig ungar på 3 kg.

PICU - barneintensiv

Mercy James har i dag fire intensivplassar. Fysisk har vi seks, men vi manglar monitoreringsutstyr og det er ikkje bemanning til meir enn fire plassar. Med tanke på bemanning og kompetanse bør det heller ikkje være meir en ein intubert pasient, ofte er det fleire. Der som heime, kan vi ikkje styre kva som kjem inn av pasientar. Sjølv om vi i nokon grad kan styre kva inngrep vi sett i gang med, utanom dei som hastar aller mest.

Frå januar 2018 skal det startes eit amerikansk Malariaprosjekt som skal ha to sengeplassar på barneintensiv. Vi er litt spente på å sjå korleis dette skal gå med dagens bemanning. Særlig med tanke på at kun to av 22 sjukepleiarar er fast ansatt. I Malawi er det staten som gir deg fast ansettelse og bestemmer kor du skal jobbe, og staten i Malawi mangler penger og av og til går pengene ein veg dei ikkje skal. Vi ser på det som særdeles kritisk  for prosjektet og kvaliteten at sjukepleiarane som er der i dag og får opplæring gjennom prosjektet, blir værande på barneintensiven og ikkje blir flytta til andre avdelingar på Queens eller andre sjukehus i landet.

IMG 20171012 133757På tur i nabolaget. Vi har to huder og ein katt, disse bidrar til å holde uvedkommede unna huset vårt (både mennesker og krypdyr).

Livet i Blantyre

Vi som jobber i det Norske prosjektet i Malawi, bor saman i eit stort og flott hus litt i utkanten av Blantyre. Vi har til og med eige basseng i hagen. På folkemunne omtales huset som «det norske huset». Vi er som eg nemnte over, tre stykk som bor her fast. Med periodevis besøk i frå gode kolleager, som kjem nedover litt i rykk og napp. Vi har budd opptil åtte stykk i huset, maks er eigentleg seks.

Å bu i eit stort hus inneberer også ein del vedlikehald og administrering som eg ikkje heilt hadde sett for meg før eg reiste nedover. Det var bestilt nye gardiner til stua før vi kom, dei er enda ikkje ferdig. Eine soverommet har blitt pussa opp og i skrivande stund er det flisleggarar i gangen som bråkar noko frykteleg. Flisene var gått i tusen knas og var moden for utskifting. For å få skifta fliser trengs det møte med huseigar, møte med entreprenør avklaring av kven som skal betale kva og å vente på at dei som skal utføre arbeidet skal komme. Uansett kva som skal bli gjort blir vi lova at det kun tek maks ein dag, dette stemmer aldrig. Oppussinga av eine badet som skulle være ferdig i juni, var delevis ferdig i september, men manglar fortsatt speil over vasken. Vi har og blitt godt kjent med gutta på bilverkstedet. Vi har skifta dekk på begge bilane og vi må sjølvsagt på ein dekkskifteplass, for vårt faste verkstad skiftar ikkje dekk. Vi har måtta skifta kompressor for å få aircondition noko som er veldig kjekt å ha når gradestokken nærmar seg 40 grader. Og eg veit egentlig ikkje heilt kva vi gjorde med bilane på den verkstaden, men vi bruke iallfall fleire dagar der. For ting tar tid i Malawi og i Afrika. Så ein svipptur innom verkstaden på vei til eller frå jobb, går ikkje. Eg lar meg faktisk imponere (av og til frustrere) over kor lang tid det er mulig å bruke på ein ting.

Dette gjelder og når vi er på butikken, det er ingenting som heiter ein snartur innom butikken. Det kan ta langt tid, sjølv om det er berre er maks to kundar før deg i køa i kassa. Og når det endelig er din tur til å betale, ja da går strømmen.

Men eg likar det, eller eg likar ikkje å stå i kø, eller at ting tek tid. Men eg likar Malawi og eg likar Afrika. Folk flest framstår som glade, det er lite klaging, til tross for at vi er i eit av verdas fattigaste land. Naturen her er fantastisk, det kan ikkje samanliknast med vestlandet med fjord og fjell, men det er vakkert på ein annan måte. Det er så mange fine fargar på trea og blomstrane.  Det var blant anna eit tre som starta og blomstre rett etter at vi kom i august, med blå blomar.

Straum og vatten er ikkje ein sjølvfølge. Vi har dagleg straumavbrudd og ofte blir straumen kutta av straumlevrandøren pga lite vatn no i den varme tida. Det blir mørkt allereie kl.18 og da er det bekmørkt og ikkje lurt og gå ute, mest på grunn av risikoen for å bli påkjørt. Fortau og gatelys ser vi lite til.

Dette var litt om livet i Blantyre. Har som mål å legge ut ein ny oppdatering om ikkje så altfor lande. Der er fortell litt meir om livet på operasjonsstua.

Synst du dette høres spanande ut? Benytt sjansen til ein opplevelse for livet du og. Det er akkurat utlyst nye stillinger for prosjektet.

Trykk her for å komme til stillingsannonse.

Ønsker du å høre meir har du sjansen 2. november, da arrangere Oslo og Akershus ALNSF i samarbeid med Oslo NSF faggkafe på Asylet i Oslo 2.novmber, der min forgjennger Line Bolvåg skal fortelje om sitt opphald i Malawi.

*ACO – Anaesthetic Clinical Officers – har gjennomgått eit 18 måneders kurs etterfulgt av eit års internship.

 

IMG 20170830 205717Bilde av meg i korridoren på sjukehusetIMG 20170901 095018Bilde av fasaden til Mercy James. På kanten til høgre sitter Hedda Wegger, ho er den yngste av oss som er i Malawi og jobber for nevroprosjektet på nevro-HDU.IMG 20170901 095213Pårørende tørkar klede uttafor sjukehuset.IMG 20171012 134133IMG 20171012 134401Hedda og Edith på Chichewa undervisning. Det skulle vise seg at eg og Edith var bedydelig meir tunglært enn Hedda. Læreren måtte nedjustere ambisjonsnivået for at vi skulle henge med. Etter å ha lært dei mest brukte hilsefrasae og litt enklare ord og uttrykk, takka eg og Edith for oss og droppa ut etter 6 av 12 timer og lot Hedda briliere med privatundervisning.IMG 20171012 140604Treet med dei vakre blomane, det er ikkje så lett å fange på bilde der dei heng høgt over bakken med blå himmel som bakgrunn

Utskrift

nsf weblogo

ALNSF er en faggruppe under Norsk Sykepleierforbund.

Kontaktinformasjon

ALNSF - Anestesisykepleiernes Landsgruppe av NSF

Norsk Sykepleierforbund
Tollbugata 22
Postboks 456, Sentrum 0104 Oslo

Mobil: 900 82 187 (Leder)